søk skuleplass for skuleåret 2025-2026
Hjellvik Montessoriskule ønskjer søkjarar frå 1. - 3. trinn for skuleåret 2025/2026 hjarteleg velkomne! Søknadsfristen er 1. februar, men me tek i mot elevar etter dette. Fleire skuleåret har me hatt stor pågang av familiar som ønskjer skuleplass etter at skuleåret er starta. Me oppmodar alle til å vurdera skuleplass tidleg på våren, så alt er lagt til rette med nødvendig personale og plass til elevane før skuleåret tek til. På skulen vår er me så glad for kvar einskild av elevane våre, så de er så velkomne til å søkja om plass!
Det er mogleg å søke skuleplass for skuleåret 2025-2026 fram til endeleg inntaksstopp 25. september 2025.
Skuleruta 2024-2025
kom gjerne på besøk!
Ta kontakt på e-post om du vil ha barnet ditt inn på skulen vår eller ring 56 39 00 00 for å avtale å koma på besøk til skulen.
Alle elevar har rett til å ha det bra!
Me jobber for ein mobbefri skule. Les meir her på Utdanningsdirektoratet si heimeside for meir info eller ta gjerne kontakt med skulen.